God vasskvalitet i sør, verre i nord

I Dalane er tilstanden til landbrukspåverka elver og bekker generelt god, mens det i deler av Ryfylke og på Haugalandet vil vere eit større arbeid med å løfte vasskvaliteten opp til god økologisk tilstand.

Dalane
Resultata viser at det i Dalane berre er to elver som treng oppfølging i forhold til landbrukspåverking. Den eine av desse er Litlåna i Eigersund kommune, kor det blei funne eit eksemplar av den raudlista arten elvemusling (Margaritifera margaritifera).  

Økologisk tilstand til dei undersøkte elvane i Dalane. Blå farge indikerer svært god tilstand, grøn indikerer god tilstand, gul indikerer moderat tilstand, oransje dårlig tilstand og rød farge svært dårlig tilstand:

Ryfylke og Haugalandet
I Ryfylke og Haugalandet er over halvparten av dei prøvetatte elvene så påverka av næringsavrenning og organisk belastning at dei ikkje har god økologisk tilstand. Avrenning frå landbruk, og i einskilde tilfelle landbruk kombinert med kloakk, er vurdert til å vere hovudårsakene til den dårlege vasskvaliteten.    

Økologisk tilstand til dei undersøkte elvane i Ryfylke. Blå farge indikerer svært god tilstand, grøn indikerer god tilstand, gul indikerer moderat tilstand, oransje dårlig tilstand og rød farge svært dårlig tilstand:

Økologisk tilstand til dei undersøkte elvane på Haugalandet. Blå farge indikerer svært god tilstand, grøn indikerer god tilstand, gul indikerer moderat tilstand, oransje dårlig tilstand og rød farge svært dårlig tilstand:

Det er midlar frå Miljødirektoratet og Rogaland fylkeskommune som gjorde det mogleg å gjennomføra denne kartlegginga.