Vatn

Vatn er ein livsnødvendig ressurs for alle. Vi har mykje reint vatn i Noreg, men ikkje alt vatnet har like god kvalitet.

Dette er dei viktigaste årsakene til dårleg vasskvalitet:

  • forureining som forsuring, overgjødsling og spreiing av miljøgifter
  • fysiske endringar som vassdragsregulering, hindringar som for eksempel vegar og jernbaner, og grøfting og andre tiltak som styrer vatnet i kanalar
  • biologiske påverknader som framande fiskeartar, rømt oppdrettsfisk og lakselus

Samarbeid om vassforvaltning
Vatnet renn dit det vil. Dei fleste vasskjeldene strekkjer seg over fleire kommunar eller fylke, og nokre deler vi med nabolanda våre. Derfor må vatnet forvaltast i samarbeid mellom lokale, regionale og sentrale styresmakter. Her samarbeider vi også med nabolanda Sverige, Finland og Russland. 

Noreg er delt inn i elleve vassregionar. Éin fylkeskommune i kvar region er peikt ut som vassregionstyresmakt. I 2015 skal styresmaktene vedta regionale vassforvaltningsplanar med konkrete tiltak. Dette er ein del av innføringa av EUs rammedirektiv for vatn.

Fylkesmannens oppdrag
Klima- og miljødepartementet er ansvarleg styresmakt for innføringa av EUs rammedirektiv for vatn. Fylkesmannen er departementets representant på regionalt nivå, og skal 

  • samle kunnskap om tilstanden på vatnet og gi ei vurdering av miljøtilstanden
  • overvake og kartleggje problem
  • fungere som miljøfagleg rådgivar for andre involverte styresmakter

Vatnet blir påverka på mange ulike måtar. Omsynet til at vi skal ha reint vatn no og i framtida, må vere ein del av vurderinga på alle fagområde.

Vis meir


26.09.2017

Miljødirektoratet har tatt klaga fra Statens vegvesen Region vest delvis til følgje og sett nye vilkår

Miljødirektoratet har tatt klaga fra Statens vegvesen Region vest delvis til følgje og sett nye vilkår til gjennomføring av tiltaket for første fase av Rogfast-prosjektet, for å sikre at det vert tatt naudsynte omsyn til miljø. Statens vegvesen Region vest klagde på Fylkesmannen sine krav om at utfylte massar skulle vere reine, og at utfyllingsmassane ikkje skulle innehelde skyteleidningar av plast.


07.06.2017

Motsegn til bygging av kraftverk i Storåna og Lyngsåna

Clemens Kraft AS har søkt om løyve til bygging av kraftverk i Storåna og Lyngsåna i Hjelmeland. Fylkesmannen har fremma motsegn til desse søknadane. Utbyggingane vil gje store negative verknader på nasjonale og regionale interesser innan natur, landskap og friluftsliv. Fylkesmannen har og gitt fagleg råd mot bygging av Sandvassåna kraftverk då utbygginga vil redusere verneverdiane i forslaget til Preikestolen nasjonalpark.


12.07.2016

Kalking nyttar! Kalkingsaktiviteten inn i Temakart Rogaland

Forsuring av vatn og vassdrag er framleis eit miljøproblem i Rogaland. Kalking er eit viktig tiltak for å redusera effektane av sur nedbør. Det er no laga eigne temalag i Temakart Rogaland med oversikt over innsjøkalking og doserkalking av laksevassdrag.


07.07.2016

Godkjenning av vassforvaltningsplanen for Rogaland

Klima- og miljødepartementet (KLD) godkjente fredag 1. juli vassforvaltningsplanen for Rogaland. Oppfølginga av den godkjende planen vil krevje stor innsats frå både private og offentlege instansar i fleire sektorar. Målet er betre vassmiljø.


03.03.2016

Birkelandsvatnet: Ja, men på strenge vilkår

Interkommunalt vann-, avløps- og renovasjonsverk (IVAR) ønskjer å nytta Birkelandsvatnet i Bjerkreim som ny drikkevasskjelde. Bakgrunnen er eit aukande behov for vatn i jærkommunane fram mot 2050. Fylkesmannen i Rogaland seier ja, men set klare krav.


29.05.2015

Småsalamanderen trivast på Randaberg

Den vesle dammen ytterst på Vistnes på Randaberg var nær ved å gro igjen. Det var dårleg nytt for småsalamanderen, som levde i dammen. I vinter vart dammen reinska og utvida, for å sikre tilstrekkeleg vatn i mange år framover.


27.05.2015

God vasskvalitet i sør, verre i nord

I Dalane er tilstanden til landbrukspåverka elver og bekker generelt god, mens det i deler av Ryfylke og på Haugalandet vil vere eit større arbeid med å løfte vasskvaliteten opp til god økologisk tilstand.


16.04.2015

Marin naturtypekartlegging i Rogaland 2012-2015

Prosjektet "marin naturtypekartlegging i Rogaland" vart starta opp i 2012, og er no avslutta. Tysdag 14. april markerte Fylkesmannen i Rogaland dette ved å halde avslutningsmøte i Statens hus. 


26.02.2015

Nye funn av den trua elvemuslingen i Strand

Elvemusling er no funne på to nye lokalitetar i Strand kommune, og utbreiingskarta for arten må derfor skrivast om.


19.02.2015

Overvaking av fisk og vasskjemi i eit utval elver og innsjøar i Rogaland i 2014

Kvart år vert det gjennomført biologisk og kjemisk oppfølging av eit utval kalka innsjøar og elver. Dei viktigaste funna er omtale i ny rapport Fiskeundersøkelser i Rogaland 2014.


Fleire nyhende