Meir om kystlynghei som utvald naturtype

Dei tørre kystlyngheiane er dominerte av røsslyng, men ei rekkje faktorar som meir væte, dårleg drenering, for mykje eller for lite beite og nitrogenpåverknad, kan gjera at andre nøysame heiplanter som klokkelyng, bjønnskjegg, rome og blåtopp dominerer. Dette gjeld særleg dei store heiane i Sør-Rogaland.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.05.2015

Dei første kystlyngheiane i landet oppsto alt i yngre steinalder for fem tusen år sidan på Jæren gjennom brenning og rydding av skog, kort tid etter at beitebruket var innført. Dei var dominerande i landskapa rundt dei store maktsentera i landsdelen og landet på Nord-Jæren, Utstein og Avaldsnes i folkevandringstid og vikingtid. 

Brenning og lang beitesesong på grunn av kortvarig snødekke er typisk for kystlyngheiane. Men det har og vore drive omfattande utmarksslått i desse heiane.

Vindkraft kan redusere kystlyngheia

Husdyrfylket Rogaland har, trass i omfattande oppdyrking, oppgjødsling, tidlegare skogplanting og nedbygging, dei største areala med ekstensivt utmarksbeite i låglandet der kystlynghei er den viktigaste kulturmarkstypen. Desse områda kan koma til å bli sterkt reduserte framover i areal og/eller kvalitet fordi det er gitt konsesjon til vindkraftutbygging på store areal, truleg opp mot 100 000 da og fordi det truleg er ein vesentleg nitrogenpåverknad. Denne kjem truleg både av langtransport, tørr- og våtavsetningar frå husdyrgjødsel i regionen og auka bruk av dieselbilar.

Andre grunnar til tilbakegang er naturleg gjengroing, overbeiting, oppgjødsling, oppdyrking og spreiing av sitkagran og andre framande bartre.

Viktig for insekta

Kystlyngheiane har eit særprega plante- og dyreliv med fleire raudlisteartar, som purpurlyng (nær trua, i Nord-Rogaland) og klokkesøte (sårbar, i Sør-Rogaland). Kystlyngheiane er viktige for både ville og tamme bier, m.a. den gamle, brune bia med reinavlsområde i Dalane. Krypvieren blømer tidleg og er viktig vårmat for humler og bier.

Fuktheiane i Sør-Rogaland omfattar truleg dei største bestandane i landet av klokkesøten.  Kystlyngheiane i Rogaland er eit nasjonalt tyngdepunkt for hubro (sterkt trua), men er og viktige for andre fugleartar i tilbakegang  som enkeltbekkasin, sørleg myrsnipe og steinskvett.

Tilpassa drift tek vare på natur

Tilskot til tilpassa drift i landbruket i samsvar med frivillige skjøtselsplanar med brenning og lågt beitetrykk er hovudnøkkelen for å ta vare på naturtypen. Her er det viktig med midlar både til tilskot til denne drifta, til informasjon, rådgjeving og oppfylging av skjøtselsplanane.

Sidan 2012 har det vore ein sentral handlingsplan for å ta vare på kystlynghei. Her er særleg Sør-Karmøy og Eigerøy framheva som særleg viktige modellområde. Fylkesmannen i Rogaland har i tillegg til desse peika ut to andre store område, Ognaheia og Mål-Reg-heia sør i Sokndal, der ein stimulerer særleg sterkt for å få i gang skjøtsel over store, samanhengande areal.

Kystlynghei i landskapsvernområde

Det er to landskapsvernområde i Rogaland med kystlynghei som verneformål, Førland Sletthei og Synesvarden. Her vert det gjennomført tradisjonell skjøtsel med beiting og brenning.

Kystlynghei er og eit viktig innslag i det utvalde kulturlandskapet i jordbruket på Rennesøy.

Regionalt miljøprogram RMP og Naturbasen

Det trengst og midlar til å syta for ein god kvalitet på kartleggingsdata over naturtypen. Ein del område er prioritert for nykartlegging i 2015 fordi denne kvaliteten er vurdert å vera for usikker. Verdien på desse er i Naturbasen sett ned frå mellombels A (svært viktig) eller B (viktig) til C (lokalt viktig) fram til resultatet av ny kartlegging ligg føre før beitesesongen 2016. 

Dette kunne ført til at brukarar som driv god skjøtsel etter skjøtselsplan kunne mista tilskotet sitt i Regionalt miljøprogram fordi dette gjeld område med verdi A eller B i Naturbasen.

Dispensasjon gir same tilskotsnivå

Fylkesmannen i Rogaland vil gje kommunane dispensasjon frå dette regelverket til å vidareføra tilskotsnivået frå 2014  til ny kartleggingsstatus ligg føre våren 2016 når skjøtsel i samsvar med skjøtselsplanen held fram.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.