Lisensjakt på jerv og ulv 2020 – 2021

Rovviltnemnda har vedteke at åtte jerv og 3 ulv kan fellast i Region 1 i Vest-Agder, Rogaland og Vestland fylker. Lisensjakta gjeld for heile Rogaland. Lisensjegerar kan vende seg til Jegerregisteret for å få lisens. Jakta krev i tillegg løyve frå grunneigar.

Jerv

Det kan fellast totalt 8 jerv i Region 1. Jakttida er frå 10. september 2020 til 15. februar 2021.

Ulv

Det kan fellast totalt 3 ulv i Region 1. Jakttida frå 1. desember til og med 31. mai (den perioden som er vedteke i forskrift om endring av forskrift om forvaltning av rovvilt 07.03.2019 https://lovdata.no/LTI/forskrift/2019-03-07-252)

 

Jegerar som skal på jakt pliktar å halde seg oppdatert om den attverande kvoten på telefon (automatisk telefonsvarar): 51 56 89 00. Den som feller eller løyser skot mot jerv eller ulv, skal også straks melde frå til Fylkesmannen på tlf. 51 56 89 15/986 76 987 og til kommunen. Felte dyr skal synast fram for Statens naturoppsyn for kontroll.

 

Sjå også vedlagt vedtak om lisensfelling for ein fullstendig oversikt over vilkår for jakta.