Erstatning i 2018 for tap av husdyr til freda rovvilt i Rogaland

Sau på beite
Sau på beite (Foto: Arne J. Lyshol / Fylkesmannen i Rogaland)

I beitesesongen 2018  var det lite tap/skadar på husdyr der freda rovvilt var skadegjerar. Totalt er det i Rogaland utbetalt kr. 25 904,- i erstatning for tap av husdyr til freda rovvilt i 2018.

Me har fått 5 søknadar om erstatning, og desse søkar om erstatning for 21 lam/sau tatt av kongeørn og 8 sau drepen av gaupe. Totalt er det søkt erstatning for 29 lam/sauer drepen eller skada av store rovdyr. Søknadane kjem frå sauebesetningar som beiter i Bjerkreim, Eigersund, Gjesdal og Suldal.

I alt 35 kadaver mistenkt drepen av freda rovdyr er undersøkt av Statens naturoppsyn i vårt fylke i 2018. Av desse er 6 dyr dokumentert/antatt sikkert drepne av kongeørn i Bjerkreim, Eigersund og Suldal. Dei andre kadavera er anten drepne av rev, ikkje rovdyr eller at det er ein usikker årsak.