Sakna reinhaldar er tilbake i Sokna

Den raudlista elvemuslingen finst framleis i Sokna. Kalkinga av vassdraget og at laksen no er tilbake, har redda elvemuslingen frå å døy ut.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.11.2018

Det er nyleg oppdaga at elvemuslingen framleis finst i elva Sokna i Sokndal kommune. I sommar var vasstanden så låg at det var mogleg å kartleggje større parti av elva. Dette gav gode resultat, og førebels er talet på elvemusling rekna å vere mellom 4-6000 individ.

Kalkinga har hatt god effekt

Alle muslingar som til no er funne, er ifølgje konsulent Kjell Sandaas, yngre enn då laksen kom tilbake som gytefisk i elva på starten av 90-talet. Det er nemleg slik at elvemuslingen er avhengig av laks eller aure som vertsart for å kunne fullføre sin reproduksjon. For elvemuslingen i Sokna er laksen vertsfisk, og då vassdraget vart utsett for forsuring forsvann fisken og med det muslingen sin vert. Kalkinga av vassdraget starta opp i 1989, så nokre vaksne individ av elvemusling må ha overlevd dei dårlege tilhøva fram til laksen kom tilbake.

Det er uklart om det har vore gode nok tilhøve for rekruttering hos elvemuslingen i Sokna dei seinare åra. Uansett er dette ei solskinshistorie og eit døme på at gode tiltak nyttar!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Elvemusling

  • Reinsar opptil 50 liter vatn i døgnet
  • Kan bli 250-300 år
  • Avhengig av laks eller aure for å kunne formeire seg
  • 40 % av talet på elvemusling i Europa finst i Noreg
  •  Sårbar (VU) i Norsk raudliste for artar frå 2015

Kjelde: Handlingsplan for elvemusling