Ny internasjonal avtale om naturmangfald

I førekant av FN-konferansen i oktober, underteikna statsleiarar ein erklæring om artsmangfald. Noreg og 63 andre land forpliktar seg til ei rekke miljøverntiltak fram mot 2030.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.10.2020

FN sitt klimapanel har slått fast at klimaendring og tap av naturmangfald heng saman. Artikkel om klimaendring på nettsidene til Klima- og miljødepartementet.

Truar natur- og artsmangfald

Fleire artar i Noreg er trua med utrydding - delvis på grunn av klimaendring. Fjellrev, sommarfuglar humler, store rovdyr og sjøfugl er nokre av desse.

Talet på virveldyr er redusert med 68 prosent og 2/3 av alle dyr i verda har forsvunne sidan 1970. Klimaendringane truar fleire artar med utrydding. Dette kjem fram av rapporten «Den levende planeten» utarbeida av WWF.

I vårt fylke driv vi aktivt arbeid med handlingsplanane for ulike trua naturtypar, hubro, åkerrikse, storsalamander og elvemusling. I dette arbeidet blir det også nytta mykje ressursar til kartlegging og aktive tiltak retta mot einskilde artar og naturtypar, både på land, i sjø, våtmarker og elver. I Rogaland har vi mange sårbare artar knytt til kulturlandskap og svært viktige kvile- og beiteområde for trekkfugl. Vi har også den sørlegaste villreinstamma i verda.

Vi opplever heldigvis ein sterk auka merksemd og forståing for desse verdiane blant folk i Rogaland.

Frivillig skogvern gir gode resultat

Vern kan vere eit viktig verkty for å bremse tap av naturmangfald. Vi har mange verneområde i Noreg, men dei er ofte små og ligg langt frå kvarandre. Difor supplerer vi verneområda våre. Før sommaren blei mange skogsområde i Rogaland verna. Ordninga med frivillig skogvern har gitt gode resultat.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.