Klimasamling for kommunane

Sande ferjekai i Hjelmeland
Sande ferjekai i Hjelmeland (Foto: Statens vegvesen / Fylkesmannen i Rogaland)

Miljødirektoratet arrangerer klimasamling i Haugesund 5. og 6. desember 2018. Føremålet er å hjelpe kommunane i arbeidet med å redusere klimagassutslepp. Påmeldingsfristen er 10. oktober.

Alle kommunaer i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane er invitert. Kommunane vil få presentert eksempel på effektive lokale tiltak, informasjon om innkjøpsreglar og støtteordningar. Det vert gode moglegheiter til å konkretisera tiltak og samarbeid med andre kommunar.

Les meir og meld deg på her.