Naturarven - Våre historiske lakseelver

Miljøvernavdelinga har no fått gjort tilgjengeleg historiske registreringar av våre lakseelver i Rogaland. Dette er ein skatt for alle som er interessert i våre vassdrag, og ikkje minst elveeigarar og fiskarar!

I 1855 vart «Ferskvannsfiskeetaten» oppretta ved kongeleg resolusjon, med tilsetting av den første inspektøren «for de offentlige foranstaltninger til ferskvannsfiskerienes fremme». Utgangspunktet var røynsle for sterk overbeskatting av laksestammane. Det vart innført fredingar alt i 1848, med mange påfølgande innstrammingar. Meir om historia kan du lese i vedlagt dokument «Fiskeriinspektøren».

Det vart sett i gang omfattande kartleggjingar av elvene, dei første 6 i Rogaland i 1876. Det vart nytta to skjema; det første helst ei beskriving av vassdraget; det andre opplysningar om fiske.

Vår konsulent Per Terje Haaland har gjort det krevjande arbeidet med å «oversette» dei handskrevne skjema i ei meir forståeleg språkdrakt, med stor respekt for opprinneleg tekst. Les gjerne først hans forklarande merknader til slutt i dokumentet «Fiskeriinspektøren».

Det er mykje spennande og faktisk også dagsaktuelt i desse dokumenta.

God lesing!

Fylkesmannen sin visjon er å ta vare på Rogaland. I dette ligg å ta vare på også dei uerstattelege naturverdiane i vårt mangfaldige landskap  -  dette er arvesylvet for våre ungar i mange slektsledd

Vakker elv med friskt vatn, god steinsetting og kantvegetasjon.

Vakker elv med friskt vatn, god steinsetting og kantvegetasjon.

Vakker elv med friskt vatn, god steinsetting og kantvegetasjon. 
Foto: Fylkesmannen i Rogaland


Det er eit nasjonalt miljømål at dei ville laksebestandane skal sikrast slik at dei er livskraftige i sine naturlege leveområde.

Visste du at det vert gjennomført omfattande statleg kalking mot forsuring i mange av våre vassdrag og innsjøar ? Dette i godt samarbeid med kommunar og organisasjonar. Kalking er ein viktig grunn til at måla for gytebestandar av laks er god i Rogaland.