Jærstrendene

Jærstendene landskapsvernområde er namnet på kyststripa frå Tungenes i nord til Ogna i sør. Mot vest ligg Nordsjøen, mot aust det flate jærlandskapet. Her er mange og lange badestrender, mektige sandyner, eit rikt fugleliv og mange vanlege og uvanlege planter. Det meste av strekninga er verna som landskapsvernområde, plantefredningsområde eller fuglefredningsområde.

Fylkesmannen har ansvaret for forvaltninga av dei verna områda.


06.12.2017

Naturarven: Ryddige strender i Randaberg

Nå i haust har miljøvernavdelinga kartlagt alle former for avfall og strandsøppel langs heile kyststripa i Randaberg, frå Randaberg-bukta i nord til Vistnes i sør. Til saman er det snakk om drygt 80 stadar der vi bidreg med å få fjerna smått og stort av avfall. Gode lokale hjelparar i organisasjonane Clean Shores og Seasick Fish skal ha stor takk for sin innsats. Likeså og ikkje minst, dei mange grunneigarar som ryddar kvart år, og Jæren friluftsråd med sin rekordinnsats i år!


01.11.2017

Naturarven i Rogaland

Fylkesmannen sin visjon er å ta vare på Rogaland. I dette ligg å ta vare på også dei uerstattelege naturverdiane i vårt mangfaldige landskap - dette er arvesylvet for våre ungar i mange slektsledd.


04.03.2016

Rådgjevande utval

Det rådgjevande utvalet for Jærstrendene er oppnemnt av Fylkesmannen i Rogaland. Utvalet er eit rådgjevande utval for forvaltingsstyresmakta. Ei sentral oppgåve er å bidra med innspel i samband med utarbeiding og oppfølgjing av ny forvaltingsplan.


08.02.2018

Besøksstrategi for Jærstrendene

Fylkesmannen har fått i oppdrag frå Miljødirektoratet å utarbeide ein eigen besøksstrategi for Jærstrendene landskapsvernområde.

Strategien skal nyttast som eit verktøy i ein strategisk og god forvaltning av verneområdet, slik at:

  • opplevingane for dei besøkande og den lokale verdiskapinga skal bli størst mogleg
  • samstundes som forståing for vernet vert auka og verneverdiane vert teken vare på i eit langt perspektiv. Ved interessemotsetnader mellom bruk og vern skal verneverdiane ha forrang.