Fiskeundersøkingar i Rogaland i 2017

Fylkesmannen i Rogaland gjennomfører årleg undersøkingar i vatn og vassdrag i Rogaland. Dette for å følgja effektane av forsuring og kalking. I tillegg følger vi opp einskilde andre lokalitetar som verken er forsura eller kalka. Desse fungerer som referansar.

Resultata for 2017 viser at tettleiken for eldre laks og aure i elvane var redusert frå året før, men innanføre det som kan kallast naturlege årsvariasjonar. For Fuglestadåna og Hålandsåna er innslaget av eldre aura minkande i perioden 2009-2017. Alle innsjøane har tette bestandar av aure.

I 2017 er følgjande innsjøar undersøkt, alle i Gjesdal kommune:

  • Djupavatnet
  • Indre Sliravatn
  • Holmavatn

...og følgjande elver:

  • Fuglestadåna med utløp i Hå kommune
  • Kvassheimsåna med utløp i Hå kommune
  • Figgjoelva med utløp i Klepp kommune
  • Dirdalselva med utløp i Gjesdal kommune
  • Hålandsåna med utløp i Suldal kommune

Alle dei undersøkte elvene og Indre Sliravatn har lange tidsseriar.

Rapporten med resultata frå undersøkingane finn du i lenka til denne nettsaka.