Endra løyve til Geminor AS på Storøy

Fylkesmannen endra Geminor AS sitt løyve frå 3.10.2016 til avfallsanlegget på Storøy i Karmøy kommune. Med denna endring kan verksemda nå også ta imot golvbelegg og vindu som er farleg avfall.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.07.2017

Endringa vil ikkje i vesentleg grad endra risikopotensialet ved anlegget, og søknaden er difor ikkje lagt ut på høyring. Det einaste er at større mengd lagra farleg avfall i nokon grad vil auke konsekvensane for 3. part ved ein storbrann på anlegget. Detta forholdet skal vurderast i en konsekvensanalyse for storbrann som verksemda uansett må gjennomføre.

Vedtaket om å endra løyvet er et enkeltvedtak som kan klagast på.

Sjå nytt og tidlegare løyve i dokumentlenkene til høgre.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.