Åkerrikse

Åkerriksa (Crex crex) er ein lysebrun og spraglete fugleart med mørke striper og grå parti på hovudet. Ho er sky og blir nesten aldri sett, men den karakteristiske songen hennar "kreks, kreks - (liten pause) – kreks, kreks", kan høyrast godt i sommarnatta. Ho overvintrar i Afrika og kjem til Norge frå mai og utover. Åkerriksa er kritisk trua i Noreg. Nå har ho fått sin eigen handlingsplan av Miljødirektoratet (tidlegare Direktoratet for naturforvaltning). Planen tek sikte på å bevara åkerriksa, og Fylkesmannen i Rogaland skal koordinera iverksetjing av tiltaka i planen.

Åkerriksa (Crex crex) er ein lysebrun og spraglete fugleart med mørke striper og grå parti på hovudet. Ho er sky og blir nesten aldri sett, men den karakteristiske songen hennar "kreks, kreks - (liten pause) – kreks, kreks" , kan høyrast godt i sommarnatta. Ho overvintrar i Afrika og kjem til Norge frå mai og utover.

Høyr klipp

Åkerriksa hekkar i ope kulturlandskap og andre område med høg gras- og urtevegetasjon. Tidlegare var ho vanleg i låglandet i Noreg nord til kysten av Helgeland, men på slutten av 1800-talet byrja bestanden å gå kraftig tilbake, og på 1950-talet var arten nesten heilt borte som hekkefugl på store delar av Austlandet. Åkerriksa greidde seg betre i delar av Rogaland, på Lista (Vest-Agder) og i delar av Møre og Romsdal, men også der gjekk bestanden kraftig tilbake. På midten av 1990-talet var det truleg berre 50-75 syngande hannar att i heile Noreg. Fram til 2003 auka talet til 235 syngande hannar, men har dei siste åra gått nedover att. I 2008 har det blitt registrert omlag 100 syngande hannar. Dei fleste av desse har sete i Hedmark, Oslo og Akershus og Rogaland.

Åkerriksa er klassifisert som kritisk trua på den nasjonale raudlista i Noreg. Ho står også på Bonn-konvensjonen si liste over globalt trua fugleartar. Arten har hatt ei negativ bestandsutvikling tilsvarande den norske i dei fleste andre land i Vest-Europa. Situasjonen i Aust-Europa er førebels betre, og ein antar at individ derfrå er med på å halda bestanden oppe i Noreg.

Bestandsnedgangen til åkerriksa skuldast i hovudsak endra landbrukspraksis frå slutten av 1800-talet og fram til i dag. Ettersom åkerriksa er stekt knytt til eng som vert hausta regelmessig, har omlegging til siloslått, og tidlegare slåttar, som fell saman med tida når åkerriksa kjem til hekkeplass, ført til at hekkinga svært sjeldan lykkast. Også slått/tresking i seinare i hekkeperioden er eit problem. Med slåmaskinar går slåtten raskare. Ungane kjem seg difor ikkje unna, men blir drepne eller maltrakterte i slåtten. Også vaksne fuglar kan bli drepne under slått/tresking. Fleire slåttar og lang ruge- og ungetid gjer at åkerriksa heller ikkje greier å få opp ungar i mellom slåttane. Samstundes har effektivisering og utvikling i jordbruket ført til at svært mykje av åkerriksa sitt naturlege og semi-naturlege hekkehabitat har blitt øydelagt, hovudsakleg på grunn av oppdyrking, nedbygging og opphøyring av tradisjonell drift. I dag åkerriksa difor avhengig av heilt menneskeskapte miljø som åkrar og fulldyrka slåtteeng.

Åkerriksa er tilpassa høg ungeproduksjon (store kull, og gjerne to kull for kvar ho kvart år), med låg vaksenoverleving. Sterkt redusert ungeproduksjonen i det moderne jordbrukslandskapet rammar dermed åkerriksebestanden hardt.

Direktoratet har nå laga ein handlingsplan for åkerrikse (DN rapport 2008-3) som byggjer på eit forslag frå Norsk ornitologisk foreining (Isaksen 2006). Handlingsplanen føreslår ei rekke tiltak for å ta vare på åkerriksa som ein del av den norske faunaen, og Fylkesmannen i Rogaland skal koordinera iverksetjing av tiltaka.

Meir informasjon om handlingsplan for åkerrikse.


16.06.2014

2013 – Ein fin oppgang for åkerriksa og fleire stadfesta hekkingar

2013 vart eit nytt godt år for åkerriksa i Noreg. Med heile 204 innrapporterte syngande hannar og seks påviste hekkingar går året inn som det beste sidan handlingsplanarbeidet starta opp i 2008. Det vart også rapportert om fire mogleg hekkingar.


17.04.2013

Eit nytt godt år for åkerriksa


17.10.2012

Heilnorsk åkerrikse på vengene !

Fredag 5. oktober blei ein åkerriksekylling slept fri på Karmøy. Han såg ut til å vera i fin form. Vi vonar det fine veret kan gjera trekket mot sør lettare. Truleg det er for første gong dokumentert at ei åkerrikse klekka i Noreg har vakse opp til flygeferdig alder.


16.08.2012

Hekking av åkerrikse på Karmøy

Etter mange år med arbeid for å ta vare på åkerriksa, er det dokumentert hekking på Karmøy no i august. Fem små kyllingar blei berga i grasslåtten. Ein av tre som blei sett ut rett etterpå er seinare funne daud. Av dei to som blei tatt i forvaring døydde ein rett etter. Den siste blir stelt med på beste vis med sikte på utsetting så snart ho er klår for det.


09.05.2012

Hekking av åkerrikse i 2011!

For første gong på mange år vart det i fjor påvist vellykka hekking av åkerrikse i Noreg, overraskande nok på Vega i Nordland. Det er og mistanke om hekking i to andre fylke, Vestfold og Akershus. I alt vart det i 2011 rapportert 166 syngande åkerrikser. Ingen hekkande åkerrikser vart funne i Rogaland.


03.11.2010

2010 - eit dårleg år for åkerriksa

Etter ein god sesong i fjor, har 2010 vore eit dårleg år for åkerriksa. Berre 72 syngande hannar har blitt rapportert, og heller ikkje i år er det rapportert om sikre hekkingar. Ny kunnskap viser også at det kan vera fleire åkerrikser enn det teljingane viser. Åkerriksa er med andre ord framleis trua.


29.12.2009

Ingen dokumenterte åkerriksehekkingar i 2009

Etter ein kort sesong i fjor, vart 2009 eit år med full aktivitet for handlingsplan for åkerrikse. Sjølv om talet på syngande hannar hadde ein fin oppgang frå 2008, vart det for 2009 ikkje rapportert om sikre hekkingar. Populasjonen er framleis så liten at åkerriksa vert rekna som kritisk trua.


09.12.2008

Åkerriksa framleis kritisk trua

Arbeidet med å setja i verk handlingsplan for åkerrikse har byrja. Så langt kan prosjektet konkludera med at åkerriksa framleis er kritisk trua.