Driv du grøntproduksjon og har fått svikt i avlinga?

Då kan du søke på den nye utvida avlingsskadeordninga som tek høgde for manglande arbeidskraft til haustinga på grunn av koronakrisa.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.07.2020

LMD endra «forskrift om erstatning ved klimabetinga skader i plante- og honningproduksjonen» for å sikre produsentar med arbeidsintensive grøntproduksjonar mot store tap som skuldast manglande arbeidskraft på grunn av koronakrisa. Dette er ei utviding av gjeldande erstatningsordning for avlingssvikt. Endringane inneber at produsentane kan få  økonomisk kompensasjon dersom dei ikkje klarar å skaffe seg den arbeidskrafta som er nødvendig for å hauste avlingane. Endringa gjeld for vekstsesongen 2020 og gjeld for vekstgruppene frukt, bær, grønsaker og potet. Ta kontakt med kommunen din for meir informasjon.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.