Reisetilskot til veterinærar

Ved berekning av tilskot til veterinære reiser bruker Fylkesmannen avstanden frå nærmaste verinærføretak som grunnlag. Det vikig å understreke at gardbrukarane står fritt til å velje kven av veterinærane dei vil bruke.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.01.2017

Formålet med reisetilskotet er å bidra til å utjamne skilnader i veterinærkostnader som husdyrprodusentar har ved kunstig inseminasjon og sjukdom på husdyr.

Fylkesmannen behandlar søknadar om tilskot etter forskrift og rundskriv 2015-47 «Kommentarer til forskrift om reisetilskudd ved veterinærers syke- og inseminasjonsbesøk».

Veterinærane sender inn søknadene kvart kvartal. Fylkesmannen ser etter om søknadane er rett utfylt. Vi plukkar ut 5 prosent av søknadene for grundigare kontroll. Eit av punkta vi kontrollerer er om reisa er berekna frå nærmaste veterinærføretak.

Viss ikkje reisa er gjort som eit ledd i den veterinære vakttenesta, skal avstanden frå nærmaste veterinærføretak leggjast til grunn ved berekning av tilskot. Det er ikkje eit krav om at nærmeste veterinær må brukast, men det er avstanden frå nærmaste veterinærføretak som skal leggjast til grunn ved berekning av tilskotet.

Fylkesmannen kan dispensere frå regelen. Det gis ikkje dispensasjon viss årsaka er at rekvirenten utan særskilt grunn ønsker å bruke ein annan veterinær.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.