Frist for å søke eller endre opplysningar i søknad om produksjons- og avløysartilskot er 29. oktober

Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

I år kan du søke om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid fram til og med  søndag 29. oktober. Dersom du ikkje har levert søknaden i løpet av 29. oktober, får du ikkje levert søknaden.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.10.2017

Etter 29. oktober kan du berre søke dersom det ligg føre særlege tilfelle som gir grunnlag for å gje dispensasjon frå søknadsfristen.

Dersom du har oppdaga at du har gitt opp feil opplysningar i søknaden, kan du og gå inn i søknaden og endre opplysningane. Slike endringar kan du gjere til og med 29. oktober.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.