Fokus på framtidige skogressursar i Rogaland

Lønsam hogst er fullt mogleg med den rette skogen, ikkje minst når den blir hogd på rett tidspunkt.
Lønsam hogst er fullt mogleg med den rette skogen, ikkje minst når den blir hogd på rett tidspunkt. (Foto: Gerd Inger Aarnes)

Torsdag 21. februar hadde forvaltninga og skognæringa den årlege skogsamlinga i Rogaland. Viktige tema som framtidig tilgang på hogstmoden skog og god forvaltning av skogressursane blei diskuterte.

Tilgangen på hogstmoden skog er berekna i prognosar for tiåra framover, og næringa planlegg sin aktivitet ut i frå desse. Men kva skjer med den faktiske ressurstilgangen dersom viktige forutsetningar som planting etter hogst eller hogsttidspunkt ikkje stemmer overeins med det som ligg til grunn i prognosane?

Dette var tema vi hadde utfordra foredragshaldarane på før samlinga, og vi fekk mange gode refleksjonar både frå forsking, forvaltning og skognæringa.

Hogst før hogstmoden alder

Tal som Fylkesmannen har samla viser at meir enn 75 prosent av hogstarealet med gran blir hogd før hogstmoden alder i Rogaland.

Forskar og avdelingsleiar ved NIBIO Aksel Granhus peika på at ei slik utvikling vil få konsekvensar for framtidig ressurstilgang, fordi dei fleste framskrivingar blir gjort med føresetnad om at skogen ikkje blir hogd før han er hogstmoden. Låg foryngingsgrad vil også kunne føre til at framskrivingane blir feil på lang sikt, fordi dei fleste prognosar føreset full forynging, forklarte Granhus.

Viktig med dialog og nye idear

Målet for samlinga var å saman sjå på korleis vi kan finne gode løysingar for å snu utviklinga i meir berekraftig retning. Er det mogleg å vri hogsten over på andre treslag? Kan forvaltninga rette inn tilskotsordningane annleis? Kan høge straumprisar og den aukande marknaden for flis opne for utnytting av lauvressursane? Og kan kursing og kompetanseheving bidra til eit meir bevisst forhold til framtidsskogen? Mange interessante løysingar blei diskuterte, og vil bli diskutert vidare på seinare samlingar.

Presentasjonane finn du vedlagt nettartikkelen.