Skogsamling: Berekraftig skogbruk - samarbeid og prioritering av innsats i 2017

8. februar møtte skogforvalting, næring og organisasjonar kvarandre på Statens Hus for å diskutere aktuelle satsingsområde i 2017. Skogkultur og ny miljøstandard var hovudtema.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.02.2017

Fleire aktuelle tema vart diskutert denne dagen, mellom anna utfordringa med manglande forynging etter hogst. Betre samarbeid mellom forvaltinga og næringa er viktig i arbeidet med å følge opp foryngingsplikta, og mange gode løysingar for dette blei presenterte.

Skogselskapet i Rogaland presenterte også sitt nye prosjekt Skogen - det grønne gull som eit døme på opplæring og informasjonsarbeid ut mot skogeigarar.

Thomas Husum frå PEFC Norge fortalte om nye endringar i miljøsertifiseringssystemet PEFC, med spesielt fokus på Vestlandsskogbruket. Skogeigarorganisasjonen Vestskog SA følgde opp med å fortelle om korleis dei arbeidar med miljøomsyn

Presentasjonane frå dagen finn du på lenka under.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.