Skogdag med trebruk som tema

Fylkesmannen, Naturvernforbundet og Skogselskapet i Rogaland arrangerte søndag 19. juni skogdag ved Mosvatnet i Stavanger. Dagen hadde namnet «den utrulege skogen», der både små og store fekk lære meir om skog og bruk av tre.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.06.2016

Dagen var initiert av Naturvernforbundet i Rogaland, og er ein av fleire temadagar rundt bygginga av det nye publikumslokalet deira på Mostun natursenter. På det nye bygget skal det brukast lokal Rogalandsfuru som kledning, og dette blei markert med ein skogdag der trebruk var tema. Rundt bygget, og i skogen rundt Mostunet, kunne turgåarar få prøve seg på natursti, snekre fuglekassar, smake ekte bålkaffi, og få sjå ulike eksempel på kva trevirke kan brukast til.

Kledning frå Suldal

Erik Thoring, leiar av Naturvernforbundet i Rogaland, fortel at dei ønskjer å bygge det nye bygget med materiale som er både kortreist og lokalt tilvirka. Val av kledning blei kjerneved av furu frå Suldal. Denne er skåre av Bakka Sag, eitt av fleire lokale sagbruk som er tilslutta forumet Norsk Bygdesagforening. På skogdagen kunne publikum få sjå prøvar av kledninga, og få høyre meir om kvifor furu er godt eigna til dette. - I tillegg til å være eit fornybart materiale er kjerneveden av furu naturleg motstandsdyktig mot råte, og kan stå ubehandla i mange år. Dette er og ein grunn for at vi valde dette som materiale, fortel Thoring. Kledninga skal monterast på nybygget i løpet av sommaren.

Les meir om trebruk hos TreFokus.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.