Driv du økologisk landbruk og har lite grovfôr?

Det ser ut for at grasavlingane kan bli mindre i år
Det ser ut for at grasavlingane kan bli mindre i år

Mange bønder opplever lågare avlingar enn vanleg i år grunna tørke og venter spent på om veret legg til rette for ein god 3. slått. Debio opplyser på sin nettstad om alternativ om du ikkje har tilstrekkeleg med økologisk godkjent grovfôr.

Her er nokre råd dersom du har problem med nok grovfôr:

  • Ta kontakt med Norsk landbruksrådgiving om for å sjekke om det er meldt inn overskot av økologisk fôr.
  • Økologiregelverket tillèt ein redusering av del grovfôr frå 60 prosent til 50 prosent i krisesituasjonar etter søknad (artikkel 47). Det er også mogleg å søkje om bruk av ikkje økologisk grovfôr. Kriseparagrafen opnar for moglegheita til å bruke opptil 100 prosent konvensjonelt grovfôr. NB: I begge tilfella må du søkje Debio om dispensasjon!
  • Her finn du lenkje til aktuelle Søknadsskjema (skroll ned til «Søknadsskjemaer til landbruksproduksjon»)
  • Kan du løyse fôrutfordringane ved å bruke karensfôr? Eige grovfôr frå areal i 1. års karens kan brukast med inntil 20 prosent. Kjøper du 2. års karensfôr frå nokon andre kan du bruke dette med inntil 30 prosent av behovet.  Les meir om dette på Debio sin nettstad.
  • Vurder om grovfôrerstatninga Natura Drøv Fiber kan komme til nytte på din gard. Den er godkjent av Debio og kan bestillast hjå Felleskjøpet.
  • Import av grovfôr. Les meir om kva du må vite om import.

Er du blant dei som har overskot på grovfôr? Meldt det inn til landbruksrådgiving.

Kontaktpersonar