Urbant landbruk: "Vi deler på avlingane"

Andelslandbruk? Nabohage? Byhage? Pallekarm på tak? Initiativa er mangfaldige. Felles er at forbrukarane deltar aktiv i matproduksjonen og deler på avlingane: Medlemskap eller årsavgift versus kilopris per produkt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.05.2016

Hageselskapet i Rogaland har sett i gong ein forstudie om urbant landbruk i fylket. Dei vil skape dialog og samarbeid med aktuelle aktørar og initiativtakarar for å synleggjere moglegheiter og reelle prosjekt innan urbant landbruk. Forstudien skal føre til konkrete forslag for vidare arbeid med å få på plass urbant landbruk i Rogaland.

Urbant landbruk er her definert som matproduksjon for ein avgrensa region. Ein bynær gard som leverer til kjedebutikkane og dermed ikkje kan påverke salsområdet, vil ikkje bli rekna som urbant.

Ta kontakt med prosjektleiar Kari Meek på Meek.Kari@gmail.com for meir informasjon. Forstudien er støtta av Fylkesmannen sine UTM-midlar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.