Omsetninga av økologiske produkt når nye høgder

Dagligvarehandelen auka omsettinga av økologiske produkt frå om lag 2 milliardar kroner i 2015 til nærmare 2,5 milliardar i 2016. Det utgjer 1,73 prosent av dagligvarehandelen. I 2011 låg omsetninga i dagligvarehandelen på om lag 1 milliardar kroner.

Spesielt salet av grønsaker fortset med den positive utviklinga med ein vekst frå 2015 til 2016 på 19 prosent. Grønsaker er med 23 prosent av den økologiske omsetninga, den største varegruppa følgt av meieriprodukt med 15 prosent, og frukt, bær og nøtter med 10 prosent.

Dagligvarehandelen, grossistledd og vinmonopolet auka omsettinga med eit tosifra tal, medan abonnement, spesialbutikkar og Bondens markedet hadde nedgang. Totalt blei det omsett økologiske produkt for om lag 3,9 milliardar kroner i 2016.

I Rogaland nærmar omsettinga av økologiske produkt seg 200 millionar kroner. Det er om lag 1,5 prosent av all matomsetning, og er nesten ei dobling frå 2013.

I Noreg er om lag 4,5 prosent av jordbruksarealet økologisk drevet. Auken i økologisk areal  er marginalt, og her skil Noreg seg ut samanlikna med resten av Skandinavia. Rogaland har hatt en liten auke økologisk areal på 2,1 prosent frå 6 289 daa i 2015 til 6 419 daa i 2016. Men framleis utgjer økologisk areal berre 0,6 prosent av jordbruksarealet i Rogaland.

Last ned heile rapporten om produksjon og omsetning av økologiske landbruksvarer frå Landbruksdirektoratet sin nettstad.