Kom deg ut på ØKOUKA 22.-30.september!

Ei feiring av norsk økologisk mat med fokus på råvarer, kunnskap og inspirasjon. Mange spennande arrangement – noko passar også for deg!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.09.2018

For 4. år på rad arrangerer Økologisk Rogaland (før Oikos) ØKOUKA i Rogaland, og det blir heldt ein rekke arrangement på Jæren og Haugalandet. Det blir mellom anna kurs og foredrag om bokashikompostering, permakultur, regenerativt landbruk eller ville urter, forfattaren av Sannheten på bordet og Sannheten i glasset og pillebefinden Niels Christian Geelmuyden kjem, Margit Vea lager til barnematkurs og ein får anledning til å ta med familien på open gard.... du finn noko som interesserer deg - garantert. 

Sjå programmet for Haugaland og Jæren under dokument. 
Du kan også følga ØKOUKA si facebookside for oppdateringar.

Velkomen skal du væra!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Dette er ØKOUKA

ØKOUKA blei starta opp i Nord-Trøndelag i 2011.

Nå har initiativet ØKOUKA spreidd seg til mange stader i Noreg, til dømes Trøndelag, Møre og Romsdal, Bergen, Rogaland, Drammen og Oslo.

I Rogaland er det Økologisk Rogaland som har tatt initiativet for ØKOUKA, støtta av Fylkesmannen sine utgreiings- og tilretteleggingsmidlar.