Fagdag om økologisk produksjon, marknad og kvardagsliv

Frå Nationen 2.feb 2016
Frå Nationen 2.feb 2016

Stadig meir økologisk mat blir importer til Noreg. Vil du vere med på å snu utviklinga? Det er mogleg å leggje heile eller delar av garden om til økologisk drift. Tenk om du hadde dyrka øko-grønsaker på din gard med elles vanlig drift? Eller begynt med økologiske ammekyr? Bondelaget med fleire inviterer til fagdag om økologisk landbruk tysdag 27. september på Øksnevad VGS.

Under fagdagen får du blant anna informasjon om rådgivinga innan økologisk produksjon, og Debio sin sertifisering. Ikkje minst får du høyre om korleis Gartnarhallen ser på marknadssituasjonen, og korleis Kolbjørn Anda frå Randaberg og Aud Mari Folden frå Levanger opplev kvardagen som bønder med økologisk produksjon.

Praktisk informasjon

Dato: tysdag 27.september frå kl. 10-14
Stad: Øksnevad vgs på auditoriet
Påmelding til meek.kari@gmail.com (av omsyn til lunsjservering)

Program

10.00 Velkomen ved Bjarne Kvist Hansen, leiar Oikos Rogaland; Ola Andreas Byrkjedal, leiar Rogaland Bondelag; Torbjørn Norland, styremedlem Norges Bonde- og småbrukarlag og Aina Bartmann, prosjektleiar Landbrukets ØKOLØFT

10.20 Den økologiske drifta på Øksnevad VGS, ved Kåre Egeland, driftsleiar

10.30 Marknad og moglegheitar for økologisk produksjon til Gartnerhallen, ved Bjørn Oppberget, marknadsansvarleg

11.00 Beinstrekk

11.10 Norsk Landbruksrådgiving sine tilbod om rådgiving innan økologisk produksjon, ved Ane Harestad, rådgivar

11.35 Presentasjon av Debio og deres system for kontroll og sertifisering, ved Gro Thørud, kvalitetsrevisor

12.00 Økologisk Lunsj

12.45 Inspirasjonsbonde for ØKOLØFTET, kjøt- og mjølkeprodusent Kolbjørn Anda frå Randaberg

13.00 Inspirasjonsbonde for ØKOLØFTET, grønsaksprodusent Aud Mari Folden frå Levanger

13.30 Omvisning og innblikk i praktisk produksjon på Øksnevad VGS


Fagdagen er eit fellesarrangement av Rogaland Bondelag, Norges Bonde- og Småbrukarlag, Landbrukets Økoløft, Øksnevad vgs og Oikos Rogaland med støtte frå Fylkesmannen i Rogaland.