Når dei overordna strategiane verkar

I Rogaland har vi i over 13 år vore tru mot nokre hovudstrategiar for bruken av dei regionale midlane til investering og bedriftsutvikling i landbruket, IBU-midlane. Vi meiner det er ein av årsakene til at distriktsjordbruket framleis står for 40 prosent av verdiskapinga i Rogalands-jordbruket.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.05.2019

Rogaland er eit variert fylke. Drygt 9,3 millionar kvadratkilometer, snautt 475 000 innbyggarar delt på 26 kommunar gir ulike føresetnadar for både næring og busetting. Over tid har det vore ei sentralisering av både folk og fe mot kysten. Utviklinga av vegnetta har gitt fleire og større felles bu- og arbeidsmarknadar, og nye infrastrukturprosjekt er under realisering. Landbruket i vårt fylke blir sterkt påverka av dette. Kan då landbrukspolitikken hamla opp med slike sterke krefter?

Regionale føringar for investeringsstøtte

I Rogaland har vi i over 13 år vore tru mot nokre hovudstrategiar for bruken av dei regionale midlane til investering og bedriftsutvikling i landbruket, IBU-midlane. Den viktigaste strategien er truleg at minimum 70 prosent av IBU-ramma blir brukt i distrikta, altså utanom dei sentrale områda på Jæren. Det betyr ikkje at jordbruket på Jæren er mindre viktig, nei Jæren er den viktigaste motoren vår. Men vi meiner at distriktsjordbruket treng midlane meir. Hovudargumentet er at dei naturgitte føresetnadane er så pass ulike. I tillegg til 70-prosentmålet, har vi prioritert tilskot til nye sauehus og ammekufjøs i distrikta. Ut frå marknadssituasjonen har sauehus vore nedprioritert i Rogaland dei siste 4 åra, og ammekufjøs er nedprioritert i 2019. Mjølkefjøs, særleg for 15–30 kyr, er framleis prioritert.

Distrikta står framleis sterkt i Rogaland

Gjennom mange år har vi hatt mjølkeprosjekt i alle distriktsregionane. Ein periode rann mykje av mjølka sørvestover. Vi har òg hatt saue- og ammekuprosjekt i dei same områda. Har det gitt resultat? Ja, vi meiner det. Den ferske verdiskapingsrapporten gir etter vår meining svaret. Som i 2014 utgjer distriktsjordbruket framleis om lag 40 prosent av den totale verdiskapinga i Rogalands-jordbruket. Det er svært gledeleg at verdiskapinga i mjølkeproduksjonen i distrikta framleis utgjer om lag 35 prosent av den totale verdiskapinga i mjølkeproduksjonen i fylket. Samla sett har distriktsjordbruket vårt auka verdiskapinga sidan 2010.

 Verdiskaping i jordbruket i Rogaland etter region

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.