Kunsten å nytte eigen skog

I Vikebygd i Vindafjord finn vi eit godt døme på billig fjøs bygd i tre frå eigen gard.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.02.2020

Espen Årvik driv gard på Årvik i Vikebygd med ammeku, sau og skog. Nytt fjøs på 20 m x 8 m med plass til 17 ammekyr stod ferdig seinhausten 2019.

Flis som underlag

Espen Årvik ville å få opp eit rimeleg fjøs. Han valde flis som liggeunderlag for dyra, og fyller på ny flis kvar fjerde – femte dag. Flis har han god tilgang frå store skogsareal på eigedommen. Gardbrukaren byggjer nå eit enkelt flislager, vis-à-vis fjøset, der han kan flise direkte inn på lager. Då vil han unngå at flisa blir unødig fuktig på grunn av nedbør.  

Kan oppjustere bygget

Med enkle grep kan Espen Årvik byggje om til spaltegolv med gjødselkum under. Det er bygd med ein 1,5 m høg betongmur i bakre kant og på sidene, og seinare kan han støype opp i tilsvarande høgde på innsida av fangfrontane. Då kan han enkelt leggje spalter og samstundes justere opp innreiing og fôrbrett.

Kortreist materiale

Bygget består av ein god del materialar frå eigen furuskog. Tømmeret blei skore opp på gardssaga hjå ein nabo, Skartland Trevirke, til ein kostnad på rundt 10 000 kr – noko som ikkje er ein avskrekkande pris. Elles kjøpte Espen Årvik takstolar, stolpar/søyler og sutaksplater via Lauritz Bjørnevik, ein lokal tømrar som gjennomførte tømrararbeidet på fjøset.

Billig fjøs

Espen Årvik er enda ikkje heilt ferdig med rekneskapen for bygget, men anslår at byggjekostnaden per mordyr er mellom 25 000–30 000 kr. Dette er eit godt døme på at du kan få til kostnadseffektive bygg som er funksjonelle og som tek seg fint ut i kulturlandskapet. Attpåtil kan du byggje billige fjøs som består av mykje lokale råvarer – det er også bra for klimaet og den lokale verdiskapinga!

Vi minner elles om at du i 2020 kan få inntil 400 000 kr meir i tilskot til fjøs i tre.

  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Kontaktperson - Daniel Andreas Breivik