Jordbruksoppgjeret blir investert i bygda

Kvart år blir det investert for godt over ein milliard i landbruksbygg og landbruksmaskinar i Rogaland. Talgrunnlaget er henta frå Tveit Rekneskap AS.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.10.2018

I den ferske årsrapporten frå Tveit Rekneskap AS, kjem det fram at det i snitt er investert for 140 000 kr per bruk i bygningar og for 131 000 kr i maskinar i 2017. Vår vurdering er at gjennomsnittleg investering i fylket, når vi tek med Jæren, ligg høgare enn på Haugalandet og Sunnhordaland. Dersom vi seier at det blei investert kr 300 000,- per bruk i 2017, blei det investert 1,2 mrd. i bygningar og maskinar i landbruket i Rogaland. Investeringane er truleg høgare når vi ser fleire år i gjennomsnitt.

Av vediskapingsrapporten frå 2016 (s. 28) går det fram at landbruket i fylket har kostnader til varer og tenester på totalt over 4 mrd.

Vi kan altså stå inne for det vi sa til statsråd Bård Hoksrud under hans besøk til Rogaland 27. september, at «heile jordbruksoppgjeret i Rogaland blir investert i bygda».

Utfordringar innan gris og sau dempar investeringa

Rapporten frå Haugalandet viser elles ei positiv utvikling i næringsinntekta frå landbruket, særleg innan mjølk og storfekjøt. Overproduksjon på sau og gris, og krevjande klima, gjorde året 2017 krevjande for ein del bønder på Haugalandet.

Rapporten frå Tveit Rekneskap AS finn du vedlagt.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.