Fruktsafari til Hjelmeland søndag 26.august

Dei siste åra har mange i Rogaland planta epler etter den nye metoden, tettare og fleire tre per dekar og med automatisk vatning og gjødsling. Søndag 26.august vert det fruktsafari til ein av dei nye dyrkarane i Hjelmeland for å sjå korleis dei har gjort det.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.08.2018

Sidan 2014/2015 har det vore ei satsing på Frukt i Rogaland og mange etablerte fruktprodusentar har lagt om til det som vert kalla tett-plantingsprinsippet. Det vert planta tettare med fleire tre pr dekar og med automatisk vatning og gjødsling. Om lag 10 heilt nye fruktprodusentar har kome til, og halvparten av dei nye dyrkarane kjem frå Hjelmeland.

Andreas og Bodil Kvame var dei første nye som starta. Dei har planta 28 dekar med eple og har planar om 18 ny dekar med eple og 10 dekar med morellar i tunnel. Søndag ettermiddag vert det fruktsafari til Vormedalen for å sjå på dei nye fruktfelta deira. Du vil truleg bli imponert.

Tid: 26.august 2018 kl 1600

Stad: Bygdavegen 36, 4130 Hjelmeland

Inga påmelding eller deltakaravgift

Arrangør: Bedriftsutvikling i Ytre Ryfylke og Rogaland frukt- og bærdyrkarlag

Ønske du meir informasjon?

Da kan du kontakta Kari Sand, kari.sand@strand.kommune.no eller på telefon 950 31 1900 eller Anne norunn Helgøy, annenorunn80@gmail.com eller på telefon 419 28 153.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.