Rogalandsbønder er meir fornøgde

Det viser undersøkinga Norsk senter for bygdeforskning har gjort om korleis  rogalandsbonden ser på framtida. Seniorforskar Jostein Vik viser til at bønder i Rogaland har sterk yrkesidentitet, og er meir tilfredse med økonomisk utvikling enn landet for øvrig. Superbonde May-Britt Lode meiner bøndene kan vere stolte over det dei produserer.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.01.2017

Mange ville høyre om trendar i landbruket

Presse, ordførarar og landbruksorganisasjonar var godt representerte då Bygdeforskning la fram trendanalysen på Statens hus. Årets unge bonde Ingve Berntsen og Superbondefinalist May-Britt Lode fortalde om sine tankar om framtida. – Det er ikkje ein typisk jobb seier Berntsen, men du finn ikkje ein annan jobb der du betre kan forme din eigen kvardag. Han trur matproduksjon vil bli meir viktig i framtida, men er bekymra over nedbygging av matjord. – Vedtak om å bygge ned norsk matjord til fordel for svenske møblar gir signal.

Bønder i Rogaland ser lysare på framtida.

Rogalandsbonden er meir fornøgd med økonomisk utvikling dei siste fem åra. Dei har også større tru på framtida, og vil auke produksjonen og arealgrunnlaget. Det er mjølkeprodusentane og dei unge bøndene som er mest offensive. Unnataket er saueprodusentane, der færre enn i landet for øvrig vil auke produksjonen. Landbruksdirektør Skadberg trur det har samanheng med signal om overproduksjon i marknaden, og at det per i dag ikkje blir gitt investeringsstøtte til nye sauehus.

Landbruket er ei næring som er sterkt påverka av politikk. Seniorforskar Vik trur Rogaland vil vere i stand til å møte endringar, og at Rogaland vil halde posisjonen som Matfylke. Her er eit produktivt ressursgrunnlag og sterke fagmiljø.

Harald A. Lein, Geir Skadberg, Alexander Kongsrud Thanem og Jostein Vik.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.