Der mangesysleri er hovudnæring

Allsidig produksjon på gardane er spesielt viktig for distriktsbygdene. Alt frå gamle våningshus og løer, eldhus, naust, husdyr, kulturlandskap til kompetente bønder kan utgjere grunnlaget for tenester som storsamfunnet nyter godt av og som sikrer arbeidsplassar og busetting.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.05.2018

Mangesysleribonden Anita Øvregård

Heimelaga flatbrød

Ein av «syslane» til Anita er flatbrødproduksjon, noko ho har lukkast svært godt med. Flatbrødet blir i dag omsett i fleire daglegvarebutikkar i Nord-fylket. Det er eit grovt og velsmakande flatbrød med gode ingrediensar inkl. mjølk frå eigne kyr. Inspirasjon til å starte med denne produksjonen fekk Anita på kurs i brødbakst på Matsmia, arrangert av Kompetansenettverket for lokalmat sør, i samarbeid med Fylkesmannen og Innovasjon Norge. Lokalmat er mat og drikke med lokal identitet, og kvalitetar knyta til produksjonsmetodar, tradisjon og historie. Nær halvparten av norske forbrukarar ønskjer i dag å kjøpe lokalprodusert mat og drikke, og i 2017 blei det omsett lokalmat for rundt fem milliardar kroner.

Opplevingar i kø

På Øvregård er det ei imponerande samling av gamle reiskapar og bruksting som var vanleg å ha på gardane før i tida. Dei er plassert i ulike bygningar rundt omkring på garden og gjer ei oppleving av å vere på eit landbruksmuseum. Løa er blitt eit flott kurs- og selskapslokale, også pryda med gamle gjenstandar. Her arrangerast alt frå spinnekurs til selskap i lukka lag, med servering av tradisjonsmat eller anna.

Ein del av det gamle hønehuset er blitt gardsbutikk. Her kan ein kjøpe ved, egg og poteter frå garden, og sjølvsagt det heimelaga flatbrødet.

Naust og båt ved sjøen gjer det også mogleg å dra på fiske dersom tida strekk til.

Inn på tunet - tilbod til heimebuande personar med demens

Anita driv også eit dagaktivitetstilbod på Øvregård for personar med demens, i samarbeid med Vindafjord kommune. Deltakarane er heimebuande eldre i godt vaksen alder. Gruppa på 6 kjem til gards ein gang i veka, men vil gjerne kome oftare. Turgåing er fast på programmet, så vel som besøk til dyra. I «Larsestova» lagar deltakarane mat, et og pratar om laust og fast, ofte om «gode, gamle dagar». Anita og mannen legg vekt på å ta vare på dei gamle tradisjonane på garden, noko deltakarane set pris på. Å bake kråtakake er populært. Egg til kråtakaka finn dei i hønehuset. Landbruket speler - kan hende – ein mykje viktigare rolle for å vidareføre tradisjonell kunnskap og kultur enn dei fleste er klar over?

Det er i dag god røynsle med å bruke tilrettelagte gardsbruk for å gi folk betre livskvalitet. Kontakt med dyr, natur- og friluftsliv, frisk luft, dagslys, mosjon, meistringsopplevingar og sosial kontakt kan ein få rikeleg av på ein gard, og kan vere god «kvardagsterapi» for dei fleste.

Det er i dag meir enn 70.000 personar i Noreg med demens. Mange av desse bor heime og har behov for dagtilbod med tilrettelagte aktivitetar. Frå 2020 får kommunane plikt til å tilby slike tenester. Inn på tunet-gardane trur vi kan vere med å dekke opp dette behovet, som berre vil auke med åra. Gode dagtilbod kan medverke til å utsetje behovet for sjukeheimsplassar, og kan difor vere god investering for samfunnet. På landsbasis er det i dag rundt førti Inn på tunet-gardar som er tilpassa personar i denne brukargruppa. I Rogaland er det tre slike gardar, men det bør vere plass til mange fleire.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.