Har du lyst til å dyrke jordbær, rips, morellar eller andre bærsortar i tunnelar?

Bli med til Finnøy 31.mai kl 19-21. Der er det fleire som dyrkar bær i veksthus, og ekspertane seier at ein kan overføre erfaringar frå veksthus til tunnelar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.05.2017

Marknaden etterspør mellom anna morellar og jordbær dyrka i tunnelar. Denne turen blir arrangert for å få fleire til å starte med produksjon av frukt og bær i tunnell.

I følge programmet blir besøk i veksthusa til Jens og Gunn Elin Landa (rips og morellar), Kåre Nordbø (jordbær) og Henning Ruud (morellar).

Pris: Gratis, men det trengs påmelding.

Påmelding innan 29.mai til kari.sand@strand.kommune.no – 950 31 190.

Gi beskjed ved påmelding om du skal ha skyss frå Fiskå (kl 1835) eller Grønvik (kl 1830). Helgøy Skyssbåt står for transporten til sjøs - fram og tilbake. På Finnøy vil det bli nytta privatbilar.

Arrangørane planlegg og ein tur til Austlandet 11.-12. juni for å sjå på jordbær- og morelldyrking i tunnelar. Der blir det besøk hos Myhrene AS (som har sal av tunnelar, samt jordbær og morellar i tunnelar) og til ein jordbærprodusent i Vestfold. Pris ca kr 2000 pr pers. Gi ei tilbakemelding innan 2. juni om du er interessert i ein slik tur.

Arrangør: Rogaland Fruktdyrkarlag, Ryfylke Næringshage og Bedriftsutvikling i Ytre Ryfylke.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Dokument

Kontaktperson