Fruktsafari på Ombo 13.september

Bli med på fruktsafari til Ombo 13/9 og sjå ein av dei mest innovative frukthagane i Noreg. Roald Voll og Marianne Kåsen var ein av dei første som dyrka etter dei nye plantemetodane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.09.2017

Golf Gartneri ved Roald Voll og Marianne Kåsen har dei siste åra planta over 20 dekar med eple og plommer. Dei har planta etter dei nye plantemetodane og har gjødselvatning. Frukthagen er fem år gammal og har i år tilnærma full avling. Dei ventar 5-6 tonn eple pr dekar. Dei har også ein arbeidsplattform som sparar dei for mykje arbeid i beskjerings- og haustearbeidet.

Stad: Golf Gartneri, Ombo
Tid: Onsdag 13.september kl 18.30-2000
Målgruppe: Potensielle, nye og gamle fruktdyrkarar i heile Rogaland
Påmelding og meir informasjon: kari.sand@strand.kommune.no
Innan 12.september.

Det er inga deltakaravgift, men vi vil gjerne vite om du kjem. Ta med gode sko og kle, vi skal vere ute. Det går ferje frå Hjelmeland kl 17.45, frå Nesvik kl 18.00 og frå Judaberg kl 18.35. Vi prøver å samordne privatbilkøyringa. Retur frå Ombo til Hjelmeland og Nesvik kl 20.20 og frå Eidssund kl 21.00.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.