Klare for å fremme smaken av Vestlandet i Berlin

Bedrifter frå Rogaland skal som ein del av vestlandet representere Fjord Noreg på Internationale Grüne Woche i Berlin 19. – 28. januar 2018!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.11.2017

Siste veke møtte deltakarane frå region vest, som er samansett av Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, i Bergen til smaksverkstad for førebuing. På standen i Berlin skal det serverast smaksprøver av lokale matspesialitetar frå Vestlandet, saman med informasjon om produksjon, landskap og ikkje minst reisemål. Fem bedrifter frå kvart av dei fire fylka får høve til å delta. Ønsker du oppdateringar, følg deltakarane si felles facebookside mat frå vest.

Frå Rogaland deltek:


Internationale Grüne Woche er med rundt 400 000 besøkande ei av verdas største mat- og landbruksmesser og blir arrangert kvart år i Berlin. Messa har 1 600 utstillarar frå over 65 land og er ein viktig møtestad for landbruks- og matpolitikarar. Noregs deltaking skal bidra til å styrke omdømmet for norsk mat og reiseliv.

Satsinga skal skape tettare kopling mellom mat og reiseliv gjennom å vise ein del av mangfaldet av mat og reisemål som finst i fjordfylka. Deltaking på Grüne Woche aukar kunnskapen om andre lokalmatprodusentar og bidrar til samarbeid mellom aktørane på tvers av fylkesgrensene.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.