Utsira er Rogaland sin kandidat til nasjonal kulturlandskapspris 2020

Vakkert kulturlandskap på Utsira.
Vakkert kulturlandskap på Utsira. (Foto: Atle Grimsby)

Norsk Kulturarv samarbeider med Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet om å kåre vinnar av den årlege Nasjonale Kulturlandskapsprisen. Alle fylka er invitert til å nominere kandidatar til denne prisen.   

I Rogaland fekk vi inn tre gode kandidatar:

  1. Åbødalen grunneierlag i Sauda kommune for skjøtsel av kulturlandskapet i Åbødalen.
  2. Per Johan Lyse i Tysvær kommune for mange år med aktiv innsats i kulturlandskapet.
  3. Utsira kommune og bøndene på Utsira etter heilskapleg innsats i mange år for å ta vare på kulturlandskapet på Utsira.

Etter ei samla vurdering er Fylkesmannen sin landbruksavdeling og miljøvernavdeling samde om at «Utsira kommune og bøndene på Utsira» er den beste kandidaten frå Rogaland i 2020.

Juryen som står for kåringa av årets pris er:

  • Olaug Bollestad, Landbruks- og matminister - Juryleiar
  • Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag
  • Kjersti Hoff, leiar i Norsk bonde- og småbrukarlag
  • Jørn Rolfsen, administrerande direktør i Landbruksdirektoratet
  • Hanna Geiran, riksantikvar
  • Kirsti Kolle Grøndahl, styreleiar i Stiftelsen Norsk Kulturarv

Vi håper at Rogaland sin kandidat lik linje med Kvitsøybøndane i 2017, vinner denne gjeve prisen.