Regionale samlingar om SMIL og RMP

Saman med vertskommunane inviterer vi landbruksforvaltninga til regionale samlingar i Suldal, Tysvær og Gjesdal siste veka i august. Her vil vi mellom anna be om innspel til ny programperiode for regionalt miljøprogram, RMP.

Dato for samlingane er:

- 28. august: Nesflaten i Suldal kommune.

- 29. august: rådhuset i Tysvær kommune.

- 30. august: rådhuset i Gjesdal kommune.

Frå Fylkesmannen møter Nono Dimby og Monica Dahlmo. Karen Beate Grimstad vil vere med på møtet i Gjesdal.

Møta startar kl 09:30. Fram til lunsj blir det gjennomgang av ulike tema på miljøområdet som Regionalt miljøprogram og SMIL. Etter lunsj er det tid for synfaring, og vi avsluttar kl. 14.30.

Du melder deg på samlinga ved å sende ein e-post til landbruksforvaltninga i den aktuelle kommunen.

Kontaktpersonar