Søknadsmateriell for regionalt miljøtilskot i 2018

Bønder kan få regionalt miljøtilskot til å halde grasareal langs vassdrag
Bønder kan få regionalt miljøtilskot til å halde grasareal langs vassdrag

Søknadsmateriellet for Regionalt miljøprogram 2018 er klart. Frå 1. august kan landbruksføretak i Rogaland søkje tilskot til miljøtiltak på si driftseining.

Samanlikna med 2017 er det gjort nokre få endringar:

Tilskot til mjølkeproduksjon på seter

Det er frå i år mogleg å søkje tilskot til å drive mjølkeproduksjon på seter. Den førebelse tilskotssatsen er 50 000 kr per seter.

Fleire kan få tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing

Tilskotsområdet for miljøvenleg gjødselspreiing er utvida slik at heile Tysvær kommune og Rennesøy kommune er med frå 2018. Etter endringa er det mogleg å søkje tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing i kommunane; Hå, Time, Klepp, Gjesdal, Sandnes, Sola, Stavanger, Randaberg, Rennesøy, Tysvær og Vindafjord. Områda er valt ut etter omsynet til sårbare vassdrag.

Auka satsar til skjøtsel av bratt

I tråd med føringane frå jordbruksoppgjeret er tilskotssatsane til skjøtsel av bratt areal auka. Som tidlegare blir miljøtilskotet gitt til dei som disponerer arealet, og søker produksjonstilskot til det.

Regionalt miljøprogram - miljøarbeid i praksis

Kvart fylke utarbeider 4- årige miljøprogram som set ramma for dei regionale miljøtilskota. Dei fire overordna miljømåla er:

  • redusere forureining til vatn og luft
  • ta vare på kulturlandskap og kulturminne
  • legge til rette for friluftsliv
  • ta vare på biologisk mangfald.