Desse miljøtiltaka gjorde bøndene i 2016

Dei fleste som har vore på tur i Rogaland sitt kulturlandskapet, har truleg vandra innom ein sti med merking og vedlikehald betalt gjennom regionalt miljøprogram. Rogaland hadde 31,5 millionar kroner til fordeling i 2016. Då er det godt miljønytt at stadig større område med kystlynghei blir skjøtta, og at fleire bønder nyttar miljøvenleg utstyr når dei spreier husdyrgjødsel.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.01.2017

Kommunane er no ferdige med å behandle søknadar om regionalt miljøtilskot. Resultata frå søknadsomgangen viser at 1 817 bønder søkte tilskot i 2016. Det er 44 prosent av dei som søkjer produksjonstilskot. Regionalt miljøpogram er eit sentralt verkemiddel for å fremje miljømål om:

  • redusert forureining til vatn og luft
  • ivaretaking av kulturlandskap og kulturminne
  • tilrettelegging for friluftsliv
  • ivaretaking av biologisk mangfald

Meir skjøtsel av kystlynghei

Kystlynghei er forma av fleire tusen års prakisis med beiting, brenning og slått, og er blant våre eldste kulturlandskap. Rogaland har store viktige område med kystlynghei. Heilt sidan innføringa av regionalt miljøtilskot har det blitt stimulert til skjøtsel, og i 2016 blei  over 95 000 dekar skjøtta med regionalt miljøtilskot.  

Tilskot til vedlikehald av 725 km med turstiar

Vegen til utmarka går ofte i gjennom jordbrukslandskapet. Bønder som legg til rette for trafikk på turstiar langs jordbruksareal, kan søkje støtte frå Regionalt miljøprogram. Turstiar i utmark der allemannsretten gjeld blir ikkje støtta økonomisk. Omfanget av turstiar har dei siste åra vore relativt stabilt. I 2016 blei det godkjend tilskot til 725 196 meter med tursti. Det er særleg Bjerkreim som markerer seg med over 111 km tursti i kommunen.

Betre utnytting av husdyrgjødsla

Tilskot til bruk av miljøvenleg spreieutstyr for husdyrgjødsel blei innført i Regionalt miljøprogram i 2013. Sidan den tid kan bønder i stadig større område søkje tilskot, og bruken av spreieutstyret har auka jamnt. Nedlegging og nedfelling av husdyrgjødsel rett på bakken reduserer tap av ammoniakk til luft. Faren for tap av næringsstoff til vatn blir redusert med høgare vasstilsetting, raskare kontakt mellom jord og gjødsel, og bruk av husdyrgjødsel tidlegare i vekstsesongen. På areal som for tilskot skal all husdyrgjødsel vere brukt før 10. august. 2016 var eit spesielt år, med mykje nedbør i tidspunktet for 2. slåtten. Fylkesmannen utsette difor fristen med to veker. I 2015 blei det gitt tilskot til om lag 64 000 dekar. I 2016 auka omfanget til 72 778 dekar, noko som utgjer 14,5 prosent av all fulldyrka og overflatedyrka jordbruksareal i Rogaland.

Utfordringar med miljøavtale i nye område

Etter å ha hausta gode erfaringar med miljøavtalar i nedslagsfeltet til Skas- Heigre (2010-2015), har ordninga blitt  utvida til mange nye vassdrag. I 2016 kunne bønder i nedslagsfeltet til mellom anna Vatsvassdraget, Hålandsvatnet, Storåna, Stangelandsåna, Timebekken, Tverråna, Salteåna og Varhaugselvane søkje tilskot. Miljøavtalen gir redusert bruk av fosfor, og ugjødsla soner mot vassdrag. Det er eit verktøy for å betre vasstilstanden i utsette vassdrag i sentrale jordbruksområde. Dei nye områda har slitt med å få same gode oppslutting som i Skas Heigre. Statistikken per nedslagsfelt er enno ikkje klar. Totalt i Rogaland var det over 23 000 dekar med miljøavtale i 2016. Til samanlingning var omfanget om lag 30 000 dekar i 2015.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.