Tid for å søkje om regionalt miljøtilskot

Mange flotte turstiar i Rogaland blir heldt vedlike med tilskot frå Regionalt miljøprogram.
Mange flotte turstiar i Rogaland blir heldt vedlike med tilskot frå Regionalt miljøprogram.

No er det tid for å søkje om tilskot frå Regionalt miljøprogram. Her kan landbruksføretak mellom anna søkje tilskot til skjøtsel av bratt areal, vedlikehald av ferdselsårar, kulturminne og tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing. Siste frist er 20. august.

Søknaden kan leverast på papir til landbruksforvaltninga i kommunen, eller elektronisk. Nærmare omtale av tilskotsordningane er å finne i rettleiingsheftet for 2016.

Du finn søknadsmateriell og hjelp til å fylle ut søknaden under "Tilskot til miljøtiltak".  

Det vil i år ikkje bli sendt ut søknadsmateriell i posten. Ta gjerne kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen viss du har spørsmål om ordningane, eller treng hjelp til å fylle ut søknaden.