Siloslått - lagringsmåtar og hantering av pressaft

Framside rapport om lagring av surfôr
Framside rapport om lagring av surfôr

Norsk landbruksrådgiving Rogaland har med støtte frå klima- og miljøtiltaksmildlar utarbeida ein rapport som viser ulike løysningar for lagring av surfôr, og tiltak  for å unngå tap av pressaft.

Tap av pressaft til vassdrag vil sjølv i små mengder påverke negativt. Typiske teikn på avrenning er lyse "lammehalar" i bekken. Med rapporten ønskjer vi å sette søkjelyset på god lagring av surfôr. Kvart år er det i Rogaland einskilde tilfelle med uønska avrenning. Det gjeld rundballar der graset er lite fortørka og lagringa skjer for nær vassdrag/grøftesystem, og i aukande grad plansiloar der kombinasjonen av regnvatn kombinert med pressaft førar til avrenning.

Det er kommunane som i første hand godkjenner siloanlegg og fører tilsyn. Forskrift om organisk gjødsel sett vilkår om at silopressaft skal samlast opp og lagrast slik at det ikkje blir forureining eller fare for forureining. Det blir her vist til tekniske retningslinjer som er nokså gamle, og det vil ennå ta tid før nye er på plass.

Fylkesmannen tilrår at at det blir brukt tett dekke i alle siloanlegg. Det er nokon som legg graset rett på bakken. For at det skal vere i orden må graset vere fortørka til om lag 30 % tørrstoff. Vêret under innhøstingen er ikkje alltid like bra, og slike utesiloer som hovudlager for surfôr er dirfor ikkje ønskeleg.

Det vil i tillegg kome ein kortare brosjyre som vil bli sendt ut saman med Bondevennen.