Ny portal for registrering av spreieareal på innmarksbeite

Kartportalen er no opna for registrering av spreieareal igjen. I husdyrfylket Rogaland er det viktig at gardbrukarane og forvaltninga har god oversikt over kva beite som er godkjend for spreiing av husdyrgjødsel. Temakartportalen vil her vere til god hjelp.

Før gardbrukarane kan bruke eit innmarksbeite til å spreie husdyrgjødsel på, må kommunen godkjenne arealet. Sidan 2010 har kommunane kunna registrert spreiearealet digitalt i Temakart-Rogaland. Nyleg blei portalen oppgradert, og framgangsmåten for digitalisering blei litt endra. Fylkesmannen heldt kurs i bruk av portalen, med deltakarar frå 16 kommunar. Her er noko av informasjonen som blei gitt på kurset:

  • For å kunne registrere spreieareal i ny portal, må kommunen opprette ei e-postadresse som kan knytast til brukarkontoen. Denne skal heite f.eks spreieareal@time.kommune.no, og alle som skal vere involvert i registrering av spreieareal i kommunen skal ha tilgang til denne.
  • Deretter må de opprette brukar på http://www.temakart-rogaland.no/, ved bruk av den nye e-postkontoen. Etter at dette er gjort må de gi melding til James Stott mailto:fmrojst@fylkesmannen.no så tilordnar han dei naudsynte tilgangane til kontoen.
  • Registreringar som ikkje er fullstendige, og har feil eller manglar vil få orange farge. Registreringar som er godkjend vil vise med lilla farge. Orange farge skuldast ofte at kommunen ikkje har lagt inn prosent trekk for stein i beitet.
  • Foilane frå kurset skal ligge i høgremargen. Du finn dei i tillegg på http://www.temakart-rogaland.no/spreieareal, og på prosjektsida til spreieareal: http://prosjekt.fylkesmannen.no/Temakart-Rogaland/Spreieareal/

Vi ser at mange av registreringane er basert på forelda arealinformasjon, eller at dei er grovt digitaliserte. Dette må korrigerast. Fylkesmannen vil klippe datasettet mot AR5 innmarksbeite. Klippinga vil finne stad etter nyttår, og vi kjem med meir informasjon når det nærmar seg.

Vi ser fram til å sjå fleire registrerte spreieareal!