Kva fosforstatus er det i jordbruksjorda?

Ved enkle grep kan forvaltninga no få betre oversikt over kva fosforinnhald det er i jordbruksjorda. Det er verdifullt med tanke på reinare vassdrag.

Det er ei endring i planleggingsprogrammet "Skifteplan" som gir forvaltninga dette nye verktyet. Så framt bøndene tillèt bruk av sine jordprøvedata, kan "Skifteplan" nyttast til å få oversikt over næringsinnhaldet i jorda for fleire gardsbruk/område om gongen. Bøndene tek jordprøvar kvart 4.-8. år og i dei fleste tilfelle vert resultata lagt inn i "Skifteplan" til bruk i gjødselplanlegginga. Utviklinga av programmet er initiert av Fylkesmannen i Rogaland med støtte frå Statens landbruksforvaltning, og det er firmaet Agromatic AS som er eigar og utviklar av "Skifteplan".

Fosfor er eit viktig næringsstoff for plantane samstundes som tap til vassdrag gir problem med vasskvaliteten. Høgt fosforinnhold i jorda gir høgare risiko for tap av fosfor til vassdraga. Auka fokus på vasskvalitet gjennom innføring av vassdirektivet har gjort at forvaltninga treng betre oversikt over kor det er risiko for tap av fosfor til vassdraga. Til dømes gjer miljøavtalane for "Aksjon vatsvassdrag" det mogleg for landbruksforvaltninga å innhente resultata frå jordprøvetakinga. Det vil gi eit bilete på kor mykje av jordbruksjorda som har høge fosforverdiar i nedbørsfeltet til Vatsvatnet og Landavatnet i Vindafjord kommune.

Kontaktpersonar

Dokument