Hå kommune tek stafettpinnen for Frivillige tiltak i landbruket

Heilt sidan Aksjon Jærvassdrag si tid har det blitt arbeidd for å motivere til frivillig innsats for å minske miljøpåverknaden frå landbruket på Jærvassdraga. Olav Husveg og Olaf Gjedrem har lenge vore tilsett i Rogaland landbruksselskap som prosjektleiarar for «Frivillige tiltak i landbruket». Frå og med 2019 vil Hå kommune overta ansvaret, og to nye stillingar skal lysast ut.

Godt etablert samarbeid

Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland fylkeskommune og kommunane Hå, Time, Klepp, Gjesdal, Sola, Sandnes, Stavanger og Randaberg har sidan 2004 samarbeida om «Frivillige tiltak i landbruket». Målet for prosjektet er å betre vasskvaliteten i Jærvassdraga gjennom frivillige tiltak i landbrukssektoren. Prosjektet har blitt drifta av Rogaland landbruksselskap, og er finansiert av samarbeidspartane. Jæren vassområde har vore sekretariatet for prosjektet.

Alle kommunane blei i 2017 førespurt om dei ville overta ansvaret for satsinga. Hå kommune var ein av kommunane som meldte seg positive, og styringsgruppa i Frivillige tiltak valte mars 2018 å be Hå kommune om å overta. Hå kommune vil ha arbeidsgivaransvaret for to prosjektleiarar. Ein av dei vil ha kontorstad i Klepp kommune.

Me løfter i lag

Hå kommune sin visjon «me løfter i lag» passer som hand i hanske for prosjektet. Med i underkant av 2000 bønder og over 50 prosent av Rogaland sitt jordbruksareal i sitt arbeidsområde, vil dei nye prosjektleiarane vere avhengig av godt samspel med landbruksforvaltning og bøndene for å nå ut. Framtidig kommunestruktur vil utvide prosjektområdet samanlikna med i dag. Rennesøy, Finnøy og Forsand blir invitert til å vere med på satsinga allereie frå 2019.

Framdrift

Rogaland landbruksselskap og Hå kommune inviterer alle prosjekteigarane til møte torsdag 21. juni Statens hus, Stavanger. Her vil eigarane bli beden om å ta stilling til samarbeidsavtale inkludert finansieringsplan, organiseringsmodell og prosjektinnhald.

Det er planar om å lyse ut to prosjektstillingar så raskt som mogleg etter møtet 21. juni.