Fagdag om utmarksbeiting og kystlynghei

Godt skjøtta kystlynghei på Sør- Karmøy. Foto: Fylkesmannen i Rogaland
Godt skjøtta kystlynghei på Sør- Karmøy. Foto: Fylkesmannen i Rogaland

Haugaland landbruksrådgjeving arrangerer fagdag på Park Inn hotell, ved Haugesund lufthamn Karmøy den 3. juni 2016. Det blir lagt særleg vekt på praktiske spørsmål, som organisering av beitedrifta, og skjøtselserfaringar frå dei siste åra blir oppsumert. 

Utmarksbeite har eit stort omfang i husdyrfylket Rogaland, også på kystlynghei i låglandet.   

Stor aktivitet på Haugalandet

Skjøtselen av kystlynghei er særleg aktiv på Haugalandet i Nord-Rogaland. I handlingsplanen for kystlynghei vart det valt ut to område på til saman 13 000 da på Sør-Karmøy (bilete) som kan få ein særleg høg skjøtselssats frå Miljødirektoratet. Haugaland landbruksrådgjeving har hatt ei sentral rolle i å informera og organisera brukarane, laga skjøtselsplanar og administrera satsinga. I det verna Høievassdraget har leiaren i Haugaland villsaulag , Ove Stumo, rydda og skjøtta store areal tilgroande kystlynghei .

Vegen vidare

Nå blir desse erfaringane oppsummert på fagdagen 3. juni på Karmøy, ved Haugesund lufthamn (program i høgre marg). Fagdagen blir halden dagen før årsmøtet i Norsk villsaulag. Det er lagt særleg vekt på praktiske spørsmål, som organisering av beitedrifta. Me trur at desse erfaringane har interesse langt utover Haugalandet og Rogaland. Fagdagen er støtta økonomisk av Miljødirektoratet.