Direktorata kom til Rogaland for å presentera arbeidet med ny gjødselvareforskrift

Miljøvenleg gjødselspreiing
Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

Direktorata tok turen til Rogaland i går for å legga fram arbeidet med ny gjødselvareforskrift og få innspel. Over 90 personar møtte for å høyra om kva som kan bli endringane i den nye forskrifta som etter planen skal sendast på høyring i 2018.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.11.2017

Letta på sløret om forslag til kommande endringar

Det var knytt ei viss spenning til møtet på Sandnes i går der direktorata endeleg skulle letta litt på sløret om kva endringane i ny forskrift blir. Bønder, faglaga, næringsaktørar, politikarar og forvaltninga møtte mannsterke opp for å høyra om arbeidet og nytta moglegheita til å påverka. Anfinn Rosnes frå Fylkesmannen innleia møtet med å seie at landbruket må ta sin del av ansvaret for forureininga av vassdraga.

Forventar høyring i 2018

Ei arbeidsgruppe med representantar frå Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Mattilsynet har fått i oppdrag å utarbeida forslag til ny forskrift. Forslaget skal sendast departementa innan utgangen på året. Deretter blir det ei politisk behandling av forslaget før det etter planen sendast på høyring ein gong i 2018.


Departementa må ta stilling til fleire alternative løysingar

Nokre av dei frammøtte hadde kanskje håpa at det som blei lagt hadde vore enno meir ferdigtygd. Men Jon Magnar Haugen i Landbruksdirektoratet var klar på at dei hadde teke turen til Rogaland også for å få innspel som dei skal ta med seg i ferdigstillinga av forslaget. Ny kunnskap vil ligga til grunn for den nye forskrifa. Blant anna vil oppdatert kunnskap om gjødseldyreiningar bli innarbeida i ny forskrift. Forslaget som vil bli lagt fram for departementa vil innehalda alternative løysningar på fleire område, med ei utgreiing om konsekvensane for dei ulike alternativa. Det vil for eksempel truleg bli lagt fram ulike alternativ når det gjeld krav til lagringskapasitet for husdyrgjødsel. Eit alternativ kan vera å forlenga kravet til lagringskapasitet til 10 eller 12 månader, mens eit anna alternativ kan vera å ikkje setta eit konkret krav til lagringskapasitet, men heller regulera utkjøyring av gjødsel om hausten strengare. Krav om dekke over gjødselkummar er eit anna krav som blir vurdert.

Mange innlegg til det viare arbeidet

Faglaga, politikarar og representantar frå nokre av dei store næringsaktørane kom med innlegg. Det som gjekk igjen var viktigheita av landbruket i Rogaland, med tanke på nasjonalt matproduksjon og arbeidsplassar. Fleire tok opp at ny forskrift må ta omsyn til stor variasjon i vekstsesong i landet. Samstundes er næringa opptatt av å ta best mogleg vare på ressursane og redusera miljøbelastninga. Ordførar i Hå, Jonas Skrettingland, var ein av fleire som meinte krav om auka lagringskapasitet kunne vera eit naudsynt tiltak. Elles var det stor semje om at det no er viktig at ny forskrift endeleg kjem på plass! 


Her finn du meir informasjon

Du finn plansjane til foredraga om du følgjer denne lenka til fylkeskommunens si heimeside og nettsak om møte.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar