Velkomen til fagdag om beite, dyrevelferd og direktesal

(Foto: Marit Bjørnstad / Horgen Gard)

Velkomen til en dag med spennande foredrag og drøs, på Øksnavad torsdag 26. september.

Program 
 

  9:30  Kaffi, kringler og drøs

  9:50  Landbruk og karbonfangst – og eit betre liv? Ved Gudbrand Johannes Qvale

Landbruket er ein viktig del av karbonkretsløpet. Kor mykje karbon vi klarer å binde i jorda er avhengig korleis vi driv produksjonen. På Horgen Gard har dei praktisert målretta beiting - «holistic planned grazing» - i 10 år, med sin besetning av 50 mordyr Aberdeen Angus Dyra er 100% grasfora og ute heile året. Alt kjøt bli selt direkte til forbrukarar, butikk eller restaurant.
Gudbrand fortel oss om vegen til eit regenerativt landbruk, gjer oss eit innblikk i korleis ein styrer holistisk beitemanagament og fortel om praktisk gjennomføring av drifta.

11:50  Pause med enkel lunsj 

12:30  God dyrevelferd i eigen besetning ved Siv Meling
Siv Meling er veterinær og driv gard på Austre Åmøy med norsk kvit sau og Skotsk Høglandsfé.

  
13:50  Bier og blomar. Erfaringar i år med etablering av ulike pollinatorartar.
Ane Harestad frå Norsk Landbruksrådgiving Rogaland fortel om erfaringar gjort i år.

14:05  Vi fyller kaffikoppar 

14:15  Er direktesal eit levebrød?      
Kontakt med forbrukarar byggjer tillit og sal utan mellomledd betyr større inntening. Kan det vere eit alternativ til omsetnad gjennom kjedene? Korleis virkar det?

  • Marianne Haga, mjølkeprodusent frå Sandnes og ein av initiativtakarar for Reko-ring Sandnes/ Stavanger, fortel om erfaringane med Reko
  • Gardsutsal nn.

    15:10  Vel heim!                                                    
    Med atterhald om endringar i programmet.


Grunna matservering ber vi om påmelding til fmroapf@fylkesmannen.no innan 24.sept. Deltakinga er gratis!     


Arrangementet er eit samarbeid mellom Økologisk Rogaland, Rogaland Bonde- og Småbrukarlag, Rogaland Bondelaget og Norsk Landbruksrådgiving Rogaland med støtte frå Fylkesmannen.