Store verdiar i utmarka!

Rapporten «Arealregnskap for utmark - Arealstatistikk for Rogaland» frå desember 2019 gir oss mykje god kunnskap om utmarksressursane i Rogaland. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.01.2020

Her har ekspertar frå NIBIO gjennom ei utvalskartlegging, ein spesiell metode for tolking av kart, gjort eit omfattande arbeid. Alpin fukthei er den vanlegaste vegetasjonstypen i utmarka.

Ressursane varierer

Av rapporten går det fram at det er variasjon i vegetasjonstypar i utmarka, og at det beste jordsmonnet er i nord-aust i fylket. 75 prosent av arealet kan reknast som tilgjengeleg utmarksbeiteareal, 46 prosent av dette er godt beite og 6 prosent er svært godt beite.

Bruk av utmarka ein viktig tradisjon

Rogaland er eit fylke der heiaføring er ein viktig tradisjon, og mange av dyra beiter i Agder og Telemark. Med meir fokus på dyrehelse og klima er det å nytte utmarka blitt viktigare. Vi har lange tradisjonar for å ta sauene til heia, noko vi peika på i samband med NM i saueklipping i 2019. Rapporten som nå er laga gir oss god kunnskap om målretta bruk av beiteressursane i utmarka.

NIBIO sin rapport er vedlagt.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.