Tilskot til drenering av planert areal

Tilskot til drenering har vore avgrensa til tidlegare drenert fulldyrka jord. Frå 1.1.2016 er forskrifta endra til òg å omfatte alt planert areal uavhengig av om dette har vore drenert eller ikkje.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.04.2016

Føremålet med planering er å jamne ut kupert areal eller redusere hellinga på eit samanhengane areal ved bruk av stadeigne jordmassar. Arbeidet blir gjort for å gjere eit areal meir eigna for drift med maskinar og reiskap. Ei avgrensa masseforflytting som skal dekke over låge punkt på innmark er difor ikkje å anse som planering.

Mesteparten av den bakkeplanerte landbruksjorda i Noreg ligg i kornområda på austlandet og i Trøndelag. Fylkesmannen reiknar med at forskriftsendringa har lite å seie for Rogaland. Dei få planert områda i Rogaland er allereie fulldyrka og drenert jord.

Søknad på tilskot til drenering

  • Søknadsskjemaet for dreneringstilskot er endra.
  • Kravet om å fylle ut eit skjema for kvar eigedom er teke bort.
  • Søknaden skal innehalde plan for drenering av arealet med beskriving av tiltak, samt kart og miljødokumentasjon.

Meir informasjon om forskriftendringa finn du på Landbrukksdirektoratet sine sider. Her finn du og skjema for plan og miljødokumentasjon, som kan nyttast som vedlegg til ein søknad.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar