Nei til konsesjon for erverv av tilleggsjord grunna lang avstand

Ein bonde i Flekkefjord får ikkje utvide garden sin med kjøp av tilleggsjord 27 kilometer unna. Landbruksdirektoratet støttar eit vedtak frå Fylkesmannen i Rogaland, og seier nei til konsesjon grunna lang avstand mellom eigedomane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.07.2017

I eit vedtak frå desember i fjor gav Lund kommune løyve til at ein bonde i Flekkefjord kunne kjøpe eit gardsbruk i Lund som tilleggsjord. Fylkesmannen gjorde om kommunen sitt vedtak, og la vekt på at det aktuelle ervervet ikkje innebar ei driftsmessig god løysing, slik det heiter i konsesjonslova § 9. Dette til trass for at den aktuelle bonden med si profesjonelle drift bøtar noko på dei trafikkmessige ulempene.

Landbruksdirektoratet stadfestar no Fylkesmannen sitt vedtak og støttar dei vurderingane som vi har gjort om avstand. Direktoratet viser også til at eit anna utfall av saka ville bidratt til ei for stor fragmentering av eigarstrukturen på landbrukseigedomar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.