Vil du vite meir om jorda i Finnøy?

NIBIO har jordsmonnkartlagt fulldyrka og overflatedyrka jord i Finnøy kommune. Det betyr at vi veit meir om kva eigenskapar jorda har. Til dømes kva areal som treng drenering, og kva areal som er utsett for tørke. Dei nye karta er tilgjengeleg på kartbasen Kilden.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.03.2019

Dei seinare år, sist på Finnøy, har det vore omfattande jordsmonnkartlegging i Rogaland. NIBIO gjer kartlegginga på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet, og det langsiktige målet er å dekke all fulldyrka og overflatedyrka areal. Informasjonen kartlegginga gir er til nytte både for forvaltninga og for bøndene. NIBIO går bokstaveleg i djupna, og gjer registreringane på kvar teig. Dei tek mellom anna borrestikk, vurderer landskapet og vegetasjon. Det er eit omfattande arbeid som tek tid.

Kartbasen Kilden

På kartbasen Kilden kan du velje ulike kartlag som til dømes: jordkvalitet, dreneringsforhold, driftstekniske begrensinger m.fl. For å sjå karta må du først velje fagområdet Jordsmonn (øvst, midt på sida).

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.