Avlingsskadeerstatning krev at skaden blir meldt frå tidleg

Vekstsesongen i Rogaland har starta godt for alle vekstar. Så langt er det lite som tyder på avlingsskader. Vi vil likevel minne om vilkåra for erstatningsordninga for klimabetinga skader. For å få erstatning er det eit absolutt krav om at du må gje melding til kommunen straks du blir klar over at ein klimabetinga skade har skjedd, eller vil oppstå.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.06.2016

Du har ikkje krav på erstatning dersom melding om skade ikkje blir gitt i rett tid. Regelen blir praktisert strengt, og er sett for at kommunen skal kunne kontrollere at avlingsskaden har klimatisk årsak.

Føretaket har plikt til avgrense eigne tap

For å få klimabetinga avlingssvikterstatning må prinsippa for god agronomi vere fylgt. Dette inneber mellom anna:

  • Arealet må være tilsådd eller tilplanta og ved sein våronn.
  • Art og sort må vere tilpassa normale klimatiske tilhøve
  • Arealet skal vere godt drenert
  • Avlinga må haustast

Meir informasjon finn du på Landbruksdirektoratet si nettside om erstatningar. Vi oppmodar alle til å søkje elektronisk via Altinn. Ta kontakt med kommunen dersom du treng råd og hjelp.

Søknadsfristen er 31.oktober.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar